NM i foto, Årets klubb

Innleveringsfristen for NM har passert og det er på tide å velja ut klubbarbeid som deltar i NM for klubbar.

NM for klubbar er ein separat konkurranse, der kvar klubb vel ut og deltar med 20 av dei innleverte bildene til NM. Små klubbar har derfor i prinsippet dei same muligheitar til å vinna klubb-NM som større klubbar. Husk at det er maks fire bilder per autor, dvs. at klubben din må ha minst fem deltakande medlemmar for å delta i NM for klubbar.

Dei 20 bileta vil få overført den poengsummen juryen har gitt i den ordinære juryeringa av NM på ein skala frå 0 til 10. Det er altså ingen eigen jury for klubb-NM. I motsetnad til tidlegare, er no heile skalaen tatt i bruk. Om eit bilde fekk 6 poeng av juryen, men grensa for å få antatt er 7 poeng, får bildet likevel 6 poeng i klubb-NM.

Sjå her for meir informasjon og reglar.

Framgangsmåte for klubbstyret

  1. Gå til NSFF.no og klikk på knappen «Min side» i toppen, logg inn dersom du ikkje har gjort det allereie.
  2. Klikk på «Konkurranser».
  3. Under «Norgesmesterskap i foto, vår 2020», klikk på knappen «Klubbdeltagelse».
  4. Klikk på firkanten til høgre for dei 20 bildene som skal delta.
  5. Når utvalget er klart, klikk på «Lagre» knappen nederst på sida.

Merk at du kun får tilgang dersom du er lagt inn som styremedlem i din klubb.

Forslag for metode for utvelging

På grunn av koronaviruset, er det mange som ikkje ynskjer å møtast fysisk for å velja ut dei 20 bildene. Her er tre forslag til korleis dette kan gjennomførast:

  1. Alle som skal delta i arbeidet og ikkje er med i styret i klubben, blir midlertidig lagt inn som styremedlem i klubben og får på den måten tilgang via nsff.no.
  2. Eit styremedlem lastar ned alle bildene i ei zip-fil og sender rundt for gjennomgang.
  3. Felles utveljing via Skype eller andre typar nettmøter med delt skjerm.