Reglane for NM i foto er revidert. Dette er gjort med bakgrunn i tilbakemeldingar og justering i samband med nytt system for innlevering. Ut over innleveringsprossessen, er det gjort endringar i definisjonen av enkelte klassar, så det er viktig at alle les grundig gjennom for å unngå ekskluderte bilde. Bakgrunnen for dei viktigaste endringane er tatt med i denne artikkelen.

Innleveringsfrist for haustrunden

Frist for innlevering til haustrunden er flytta frå 15. september til 15. oktober.

Papirklassane

Det har vert etterlyst tiltak for å auka deltaking i papirklassane. Styret har derfor ynskje om å prøva ut småformat (small print) i A4, sidan dette har blitt ein populær konkurranseform. Det er også betydelig enklare å få sendt A4 i posten samanlikna med større format, samt at det for mange vil vera enklare og billigare å produsera kopiar. I staden for fargepapir og monokrompapir, er klassane no endra til storformat og småformat. Storformat kan leverast i A3/A3+/30×40 som før, mens småformat er i A4/20×30 størrelse. Legg merke til at det ikkje lenger er eit skilje mellom farge og monokrom i papirklassane, som no deltar i same klasse.

Som ein merknad, så er A3 anbefalt framfor A3+ storformatklassen. Konkurranseutvalget har vert til stades på mange juryeringar, der A3+ formatet ikkje er observert å gi noko form for fordel over A3. I tillegg har A3+ større papirkostnad og gir større pakke ved sending, slik at ordinær A3 er å føretrekka. Det er ein ynskje om å i framtida fjerna A3+ som godkjent format, men det er behaldt inntil vidare sidan mange klubbar/medlemmar kan ha papir på lager som er ynskjelig å bruka opp.

Papir, kolleksjon

Kolleksjon er endra til småformat (A4/20×30). Håpet er at det vil gjera kolleksjonsklassen meir attraktiv, då 3-5 bilde i A4 er mykje meir handterlig enn i større format. I tillegg vil 5 bilde i A3 ta så mykje plass at juryen ikkje nødvendigvis får det fulle inntrykket av kolleksjonen.

Merking av papirbilde

Papirbilde skal merkast på baksida som før, men det nye systemet generera foreløpig ingen rapport som kan nyttast til dette. Inntil dette er på plass, vil det bli lagt ved ein mal når invitasjonen til NM blir sendt ut. Denne må så fyllast ut manuelt med bilde-ID, autor, adresse, tittel og klubb. Håpet er at systemet igjen skal generera etikettane i framtidige rundar av NM, så dette er eit midlertidig tiltak.

Definisjon på kreativt-klassen

Det er gjort ein justering i definisjonen av Kreativt-klassen. Kreativitet i opptakssituasjonen er fjerna, slik at dette no står fram som ein rein klasse for kreativitet i bildebehandling. Dette inkludera komposittbilde, men kan også vera kreativ etterbehandling av enkeltbilde.

Ungdomsklassen

Ungdomsklassen blir no kjørt som ein heilt separat konkurranse. Det betyr at ungdomane kan levera 12 bilde til det ordinære NM, i tillegg til ungdomsklassen. Av same grunn vil det heller ikkje vera mogeleg å nytta bilde frå ungdomsklassen når bilda til NM for klubbar skal veljast ut. Dette er i utganspunktet ein justering for å unngå kompliserte samanhengar i det nye systemet. I tillegg vil det gi eit meir rettferdig klubb-NM, då bilde frå ungdomsklassen har vesentlig høgare sjanse for å bli premiert (og dermed få poeng), sidan deltakinga er låg.

Natur-klassen

Det er ikkje gjort endringar i Natur-klassen, men konkurranseutvalget vil likevel presisera at det ikkje skal vera noko form for mennesskapt i bilda – i samsvar med FIAP sine definisjonar (med nokre svært få unntak). Det gjeld også den hytta som nesten er skjult i bakgrunnen, eller høgspentlinja som nesten usynlig går lang fjellsida. Ingen menneskapte element – som også inkludera mennesket sjølv, husdyr og dyr frå avl som sauer/geiter/kyr/osv. – betyr faktisk ingen. Uansett om det er nesten usynlig eller ikkje sentral del av bildet, skal ikkje slikt leverast i Natur-klassen. Bilde av ville dyr i fangenskap, kan derimot delta.

Deltakargebyr

Det blir ikkje felles deltakargebyr for NM i film og NM i foto. I det nye systemet er eit deltakargebyr knytt til ein bestemt konkurranse. Å vidareføra felles gebyr som tidlegare, ville gitt meir kompliserte strukturar i innleveringssystemet, noko som me prøver å unngå. Filmutvalget kjem tilbake til dette i invitasjonen til NM i film.