I haustrunden vart det levert inn 4648 bilder fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på NSFF.no. Alle premierte bilder har juryen sine kommentarar. Juryen har også gitt nokre overordna kommentar.

Klikk her for eit samandrag av alle klassar, samt resultat av klubbarbeida for haustrunden.
Resultata er også tilgjengelege ved å klikke på «Resultatservice» på nsff.no si framside.

I haust vart juryeringa utført av Esbjerg Fotoklub i Danmark. Om det er av interesse, så har Esbjerg Fotoklub uttrykt ynskje om eit samarbeid med norske klubbar, bl.a. i samband med klubbkonkurransar.

Individuelle rundevinnarar og spesialprisar

I haustrunden har enkelte personar og klubbar utmerka seg:

  • Beste Ungdomsfotograf er Thomas Sirevåg frå Sandnes Fotoklubb.
  • Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Russel Allen Jacobsen frå Oseberg Photo Society.
  • Beste klubb, klubb-NM haustrunden, er Sandnes Fotoklubb.

Det kan også nemnast at Skodje Fotoklubb har flest poeng når alle premierte og antatte bilder i NM blir summert.

Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:

  • Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Morten Tellefsen frå Bekkalokket Fotoklubb for bildet «Reading a book», som også kom på 1. plass i klassen monokrompapir.
  • Jan Baashus-Jessen plakett for det mest kreative bilde går til Ole Bjørn Steinsvik frå Skodje Fotoklubb for bildet «Dark Side Of The Moon». Bildet kom også 1. plass i kreativ-klassen.

Konkurranseutvalget gratulera alle med premierte og antatte bilder i haustrunden av NM.

Morten Tellefsen "Reading a book"
Ole Bjørn Steinsvik "Dark Side Of The Moon"

Fra juryeringa: