Norgesmeister i foto 2019 er den som samanlagt har oppnådd flest poeng i vårrunden og haustrunden av NM. I år var det ein klar vinnar av tittelen.

Etter fintelling og kontrollsjekking, er topplista for beste fotograf i 2019:

  1. Nina Carlsen frå Lukkertid med 65 poeng og dermed Norgesmeister i foto 2019
  2. Russel Allen Jacobsen frå Oseberg Photo Society med 37 poeng
  3. Håkon Grønning frå Trondhjems Kameraklubb med 36 poeng
Nina Carlsen "Lesestund" 1. plass projeksjon farger NM i foto våren 2019

Nina Carlsen «Lesestund» 1. plass projeksjon farger NM i foto våren 2019

Tilsvarande er årets ungdomsfotograf:

  1. Thomas Sirevåg frå Sandnes Fotoklubb med 30 poeng og dermed Årets Ungdomsfotograf 2019
  2. Peter Elias Hoddevik frå Skodje Fotoklubb med 25 poeng
  3. Cato Romero frå Trondhjems Kameraklubb med 17 poeng

Årets klubb er den klubben som har oppnådd flest poeng på utvalde klubbarbeid i vårrunden og haustrunden av NM i 2019. Dei tre beste klubbane og årets klubb er:

  1. Skodje Fotoklubb med 49 poeng og dermed Årets Klubb 2019
  2. Sandnes Fotoklubb med 43 poeng
  3. Trondhjems Kameraklubb og Oseberg Photo Society, begge med 41 poeng

Konkurranseutvalget gratulera Norgesmeisteren, Årets Ungdomsfotograf og Årets Klubb med godt arbeid i 2019 og håpar det inspirera vinnarane og alle andre til vidare fotoaktivitet i 2020.

Presentasjon av alle vinnarbileta kjem på NSFF Magasin.