Narvik Kameraklubb invitera til nasjonal konkurranse innan analog fotografering. Konkurransen er open for alle og har NSFF patronat 2019/3. For NSFF medlemmar gir det poeng til nasjonale plakettar og heidersteikn. Alle deltakarar får tilsendt katalog/hefte med preimerte bilder frå konkurransen.

Reglar

  • Tema: Fritt motiv
  • Det er to klassar, monokrom papir og monokrom projeksjon
  • Kvar autor kan delta med maks 4 bilete i kvar klasse
  • Bileta skal ikkje ha signatur/logo eller fysiske rammer/passepartout
  • Alle bilete skal ha ein tittel
  • Du må vera rettmessig eigar av bildet og alle personar som er hovudmotiv i bilete må ha godkjent bruken

Klasse: Monokrom papir

  • Ingen digital behandling
  • Bildet skal vera tatt ved bruk av film
  • Papirbildet skal vera framkalla i mørkerom
  • Valfri papirstørrelse

Klasse: Digital monokrom

  • Bildet skal vera tatt ved bruk av film
  • Digtalisering direkte frå negativ eller skanning av framkalla papirbilde
  • Digital etterbehandling er lov
  • Lever som jpg-fil med 2400 pikslar på lengste side, maks 3 MB
  • Levering via NSFF.no (eller via e-post om du ikkje er NSFF-medlem)

Praktisk informasjon

Levering er som hovudregel via bildeinnlevering på NSFF.no. For papirbilete er det valfritt å lasta opp digital kopi for bruk i katalogen. Papirbilder blir returnert til autor etter juryering.

For dei som ikkje er NSFF-medlem, send bileta til post@narvikkameraklubb.no og merk med Analog Nasjonal 2019. Inkluder navn, adresse og eventuell fotoklubb.

Papirbilder må sendast til adressa innan fristen:
Per Gunnar Mørk
Notveien 46
8520 Ankenes

Deltakargebyret er kr. 350,- som skal betalast til 4520.13.21437 (Narvik Kameraklubb). Merk med «Analog 2019 – Ditt namn».

Narvik Kameraklubb har rett til å publisera alle premierte bilete i samband med presentasjon av resultata og eventuell dekning i media. Alle bilete blir publisert med fotografen sitt namn. Det vil bli produsert ein katalog/hefte som blir sendt ut til alle deltakarar.

NSFF-pokal til beste bilde.

Kalender

  • Innleveringsfrist: 1. mai
  • Juryering: innan 26. mai
  • Publisering av resultat: innan 26. mai
  • Utsendig av premiar: i løpet av juni

Visning av vinnarbilder på http://www.narvikkameraklubb.no og NSFF Magasinet.

Kontaktperson: Per Gunnar Mørk, e-post per.gun@online.no

Patronat 2019/3