I haustrunden vart det levert inn 4450 bilder fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på NSFF.no. Alle premierte bilder har juryen sine kommentarar. Det er også gitt overordna kommentar til kvar enkelt klasse.

Klikk her for eit samandrag av alle klassar, samt resultat av klubbarbeida for vårunden.
Resultata er også tilgjengelege ved å klikke på «Resultatservice» i toppmenyen på nsff.no.

I år vart papirklassane juryert i Narvik av ei variert jury med erfaring frå fotografi og galleridrift. Alle projeksjonsklassane vart juryert i Sverige av Härnösands Fotoklubb.

Individuelle rundevinnarar og spesialprisar

I haustrunden har enkelte personar og klubbar utmerka seg:

  • Beste Ungdomsfotograf er Cato Romero frå Trondhjems Kameraklubb.
  • Beste samanlagtfotograf for alle klassar er John Colbensen frå Skodje Fotoklubb.
  • Beste klubb, klubb-NM haustrunden, er Bekkalokket Fotoklubb.

Det kan også nemnast at Bekkalokket Fotoklubb har flest poeng når alle premierte og antatte bilder i NM blir summert.

Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:

  • Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Wenche Aune frå Trondhjems Kameraklubb for bildet «Lidia 4», som også kom på 1. plass i klassen fargepapir.
  • Jens Baahus Jenssen plakett for det mest kreative bilde går til Geir Jartveit frå Skodje Fotoklubb for bildet «The tooth of time». Bildet kom også 3. plass i klassen monokrom projeksjon.

Konkurranseutvalget gratulera alle med premierte og antatte bilder i haustrunden av NM.

Lidia 4 (Wenche Aune, Trondhjems kameraklubb)
The tooth of time (Geir Jartveit, Skodje fotoklubb)