Innleveringsfristen til NM i Foto hausten 2018 har no gått ut og klubbane har fram til 23. september på å velja ut 20 arbeid som representera klubben i Klubb-NM.

Her er litt statistikk frå denne runden:

  • Papir farge: 225 bilder
  • Papir monokrom: 213 bilder
  • Projeksjon farge: 1134 bilder
  • Projeksjon monokrom: 988 bilder
  • Natur: 830 bilder (16 ekskludert pga. brot på reglar)
  • Kreativt: 555 bilder
  • Stilleben: 452 bilder
  • Ungdom: 53 bilder

Totalt er det 448 medlemmar frå 57 klubbar som deltar med 4450 bilder. Av desse er det 241 som har levert 12 av 12 mulige bilder.
62,4 % av bildene levert denne veka.

Til samanlikning vart det levert 4478 bilder frå 469 medlemmar i vårrunden.