Våre kursholdere: Arnold Hoddevik

Våre kursholdere: Arnold Hoddevik

Vi fortsetter artikkelserien med presentasjon av de dyktige kurs- og foredragsholderne NSFF har knyttet til seg. For andre gang svipper vi til Skodje, der vi skal hilse på Arnold Hoddevik. De som er aktive i fotogrupper på Facebook har nok ikke unngått å få med seg navnet; Arnold er mannen bak den norske hjelpegruppa for Lightroom, utrettelig tilstede med minst én replikk i samtlige diskusjoner. Også i lokalklubben gjør han en enorm innsats, noe som ble belønnet med æresmedlemskap i Skodje Fotoklubb nå i desember.

(Kursbildet i toppen og det litt lenger nede i saken er tatt av «kollega» John Colbensen.)

Arnold Hoddevik er født og oppvokst ved storhavet i Hoddevika på Stad.
– Du har sikkert sett fjernsynsprogram om surfing der, smiler han. – I 2017 var endog Kronprinsfamilien der og surfa. Sidan 1979 har familien og eg budd i Skodje, ei vakker fjordbygd aust for Ålesund.

– Eg har fast heiltidsstilling som rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ein stor del av den jobben er også å gje rettleiing. Eg stortrives rett og slett i rolla som rettleiar. Det er stor tilfredsstilling å sjå at andre får utbytte av forklaringar, enten dei er skriftlege eller munnlege. I desember 2017 fylte eg 65 år. I staden for å trappe ned jobben, skal eg over nyttår starte å jobbe med eit nytt fagfelt hos fylkesmannen.

Arnold Hoddevik (foto: Sunniva Hoddevik)

Har fotografert fra tidlig alder

– Eg har vel nesten alltid fotografert, og kan godt hugse det enkle kameraet vi hadde i barndomen, eit Kodak Brownie med ei lupe på to av sidene, enkelt objektiv og utløysarknapp. Seinare fekk eg Kodak Instamatic. Det neste kameraet var Canon Ftb. Då framkalla eg filmane sjølv, og arbeidde mykje med svart/kvitt i mørkerommet.

– Då eg fylte 50, fekk eg mitt første digitale, eit Canon Powershot G5. Då skaut interessa fart, og det vart behov for raskare og betre utstyr. Etter det har eg brukt Nikon privat og Canon på jobb.

Foto er en hobby – en tidkrevende sådan

– Fotograferinga er mest ein viktig hobby for meg, sier Arnold. – Siste 15 åra har eg vore engasjert i fotoklubb, og var med å starte Skodje fotoklubb i 2010. Eg trur eg var den første som melde frå at eg ville vere med å styre klubben. Sidan det har eg vore nestleiar, og vikariert som leiar eit års tid.

De siste årene har han latt egen utvikling innen foto komme litt i bakgrunnen, på grunn av tiden arbeidet med fotoklubben og Lightroom-undervisningen tar.

Arnold holder kurs (foto: John Colbensen)

Under intervjuene med kursholdere og fotografer spørres de gjerne om de uttrykker seg kunstnerisk på andre måter. Arnold kjenner at dette er noe han gjerne skulle jobbet mer med:

– Eg har ikkje fått utvikla den kunstneriske sida av meg, men det er noko eg har lyst til. Eg likar å skape noko – har alltid hatt ein skapartrang i meg. Det var slik i barndomen også. Då snekra vi våre eigne leiker, alt frå bilar og traktorar til båtar og til og med hoppski. Eg trur det er denne skapartrongen som kjem til uttrykk i fotointeressa også.

Utfordres og inspireres av havet

– Ingen utfordring er for lita – eller for stor, men den største favoritten min er havet. I barndomen kunne eg stå lenge å beundre opprørt, frådande hav i vill utfolding. Storm ved Stad er mange gonger eit inferno. Det er imponerande krefter i sving, når ei båre slår inn i berget med så stor kraft, at spruten står 30 meter rett opp. Også vatn i andre samanhengar er interessant. Mørke og dårleg lys er ein anna favorittsituasjon. Det er mykje fargar i mørke.

Allsidig, målrettet og bevisst

– Uttrykket mitt er ikkje veldig tydeleg, kanskje heller utydeleg, mener Arnold.

Han mener at han har jobbet for lite med å finne et eget uttrykk, på bekostning av en interesse for altfor mange typer motiv. Han er imidlertid opptatt av å ikke ta noen snarveier under arbeidet med bildene:

– Når eg redigerer, brukar eg nesten aldri «preset» eller malar – eg vil ikkje overlate til andre å redigere bilda mine. Ved å eksperimentere får eg meir kunnskap om korleis eigenskapar og verktøy i programma fungerer og korleis dei påvirkar bilda. Det er viktig for meg å kunne noko om det.

– Når eg fotograferar ser eg ofte etter daglegdagse situasjonar. Eg prøver å beskrive daglegdagse hendingar og aktivitetar, når eg får høve til det. Eg ønskjer at bilda skal vere mest mogleg naturlege, utan sterke kontraster, effekter og fargemetting. Eg prøver ulike perspektiv, og brukar lukkartid og blendar bevisst med tanke på å framheve hovedmotivet i bildet.

Ambisjoner om fotografiske prosjekt

Inspirasjon kommer fra forskjellige hold, påpeker Arnold. – Det kan vere fotoklubbmiljøet, ei bok, noko eg les eller ein situasjon, som gjer at eg får lyst å skape eigne bilde.

– I framtida har eg lyst å arbeide med prosjekt, og har eit par idear i hovudet. Eg ønskjer stadig å bli betre til å formidle og fortelje og skape bilde som får folk til å stoppe litt opp. Eg har eit par idear eg gjerne skulle gjennomført. Den eine er ei skildring av havet på kysten vår. Den andre er å synleggjere folk med kroniske smerter. Det er ei ueinsarta gruppe menneske, som lid i det stille. Det er uråd å sjå på dei at dei er alvorleg plaga og hemma av sterke smerter. Derfor blir dei lett mistenkte for å vere trygdesnyltarar. Dei blir ikkje forstått. Der er mange ulike årsaker til smertene. Ei gruppe er dei som har blitt utsette for nakkesleng. Desse blir direkte mistrudde av helsevesenet.

Trives i mindre grupper eller aleine

– Eg likar både å gå åleine og vere i lag med andre, men ikkje for mange. Viss vi kan vere nokre få, som hjelper kvarandre, er modellar for kvarandre, er ofte det supert. Eg likar godt å vise bilda til andre. Det kan vere både i fotoklubben, blant vener, på utstilling, i konkurransar og på internett.

På spørsmålet om forbilder innen fotografi tar Arnold sats:
– Å, der er fleire forbilde. Eg har hatt den store gleda å vere vertskap for fleire i samband med arrangement i klubben i mitt hjerte, og har også fått vere i lag med nokre av desse på tur. Vi har fleire svært dyktige naturfotgrafar, og eg har vore så heldig å få vere på tur med nokre. Der er mange andre dyktige fotografar eg kunne hatt med.

Roger Brendhagen tek eg gjerne med på tur, og beundrar og studerer hans treffsikre ferdigheiter. Bård Løken beundrar eg for hans evne til å studere motiva frå mange vinklar og perspektiv, for å få det beste ut av kvart einaste motiv. Roy Mangersnes tek eg gjerne med igjen for hans evne til å formidle miljøengasjement og kunnskap og evne til å planlegge tid og stad i forhold til lys og ville dyr si adferd. Thomas Bickhardt deler mi interesse for storm og opprørt hav. Vår lokale klubbhelt, John Colbensen er ein svært kreativ og iderik turkamerat. Tone Balslev Haugerud er ein allsidig og kreativ fotograf med mange gode idear. Cathrin Flate Reiten i klubben vår vil eg gjerne ta med på tur for portrett i naturen.

Turen trenger ikke gå til fjerne, eksotiske strøk, fremholder han. – Vi har så mange plassar rundt i distriktet her, som byd på spennande omgjevnader for bilde, både ved sjøen og på fjellet.

Ellers er det mange steder han kunne tenke seg å besøke med kameraet:
– Kursverksemda mi har ført meg til stader som Moi i sør og Longyearbyen i nord. Eg syns det er spennande å komme til nye plasser, og møte folk med same interesser som eg, og hjelpe dei med organisering og redigering av bilde. Land eg har veldig lyst å besøke, er Island og Færøyane. Der er ein heilt særeigen og unik natur, vill og vakker, og med eit heilt spesielt lys.

Arnold Hoddevik underviser primært i Lightroom:

  • Meir enn ein vanleg filutforskar: lær å utnytte dei avanserte verktøya for organisering og filtrering i bildebiblioteket.
  • Lær å unngå vanlege brukarfeil som skaper problem og frustrasjonar.
  • Lær å framkalle bilde i Develop, for å få mest mogleg ut av bilda.
  • Lær korleis bilde kan eksporterast for vising i andre samanhengar.
  • Innblikk i organisering på kart, lysbildeframvising, webgalleri og utskrift.

Andre kurstema:

  • Grunnkurs i fotografering
  • Grunnleggande redigering i Photoshop Elements
  • Grunnleggande redigering i Photoshop

Eigne kunnskapskjelder

– Gjennom heile livet har eg søkt ny kunnskap, slik også om dei tema eg held kurs om. Då nokre i fotoklubben spurte om kurs og litteratur på norsk, var det ingen tilbud. Alt som fanst då, var på engelsk. Slik kom boka om Lightroom i stand, først for versjon 3, så for Lightroom 4 – time etter time med sjølvstudie og øving ligg bak.

Ambisjonar for kursa

Kursdeltakarane skal bli meir kyndige i dei tema kursa tek opp, slik at dei kan ha tydeleg betre nytte av programvare og utstyr etter fullført kurs.

Oppfølging av kursdeltakarane

– Facebookgruppa Lightroom – enkelt forklart vart oppretta for å følgje opp dei som hadde kjøpt boka, det vil seie også dei som har delteke på kurs. Gruppa vart fort veldig populær, og passerte i haust 5500 medlemmer. Det er fleire dyktige medlemmer som bidreg med svar, men oftast kommenterer eg på dei fleste spørsmåla.

– Eg har ei målsetting om å forklare problemstillingar så enkelt og forståeleg som mogleg. Eg tilbyr også fjernhjelp, der eg koblar meg til den andre datamaskina med eigna programvare, og kan arbeide på same måten på den som på mi eiga. Situasjonen kan vere oppfølging etter kurs til enkeltpersonar eller små grupper, eller å løyse problem, som brukaren treng hjelp med. Fjernhjelp har ført meg til både Danmark og Sverige og mange plassar rundt i Norge. Tilbakemeldingar i gjesteboka på arnoldfoto.no tyder på at folk er tilfredse med hjelpa dei har fått.

Om skribenten

Birgit Fostervold

Redaktør for NSFF Magasin og nsff.no, nestleder i NSFF. Medlem i Homborsund fotoklubb. Ivrig amatør med forkjærlighet for rust og patina. Ser gjerne verden i et bøyd perspektiv, gjennom diverse Lensbaby-optikk.

Legg igjen kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Oppslagstavla

For tips og nyheter i kortform

Det er sendt ut varsel om Landsmøte 2018, lørdag 10. mars. Frist for innsending av saker er 27. januar. Les på nsff.no.

Det ble ny rekord for innlevering til NSFF Årbok i 2017! Totalt ble det levert inn 1487 bilder fra 770 medlemmer fordelt på 94 klubber. Tallene for forrige Årbok var 1203 bilder fra 618 medlemmer fordelt på 91 klubber. Nå starter juryeringen: 8 jurymedlemmer skal gi sine poeng til alle bildene – lykke til, alle sammen!

RSS Siste fra NSFF.no

  • Invitasjon til NM i Foto våren 2018 21. januar 2018
    Velkommen til NM i Foto 2018, del én. NM i Foto arrangeres over to runder, med første innlevering 15. mars. Klassene er "Fritt motiv", "Natur" og "Kreativ", og hver autor kan totalt levere inn 12 bilder.  
  • Gratulerer med 90 år! 17. desember 2017
    I dag er selve jubileumsdagen for NSFF, gratulerer alle sammen! Norsk Selskap For Fotografi ble nemlig stiftet 17. desember 1927, med tre klubber representert: Oslo Kamera Klubb, Fredrikstad Foto-Klubb og Rjukan Kameraklubb.  
  • Varsel om Landsmøte 2018 12. desember 2017
    I henhold til vedtektene varsles herved om gjennomføring av Landsmøte 2018, 10. mars kl 12.00 på Scandic Oslo Airport. NSFF dekker opphold og måltider for én delegat per klubb.  
  • Det er åpnet for innlevering til NSFF Årbok 2017 1. desember 2017
    Det er nå åpnet for innlevering av bilder til NSFF Årbok 2017. Temaet er som vanlig fritt motiv, og bildene må være tatt i løpet av kalenderåret 2017.  
  • Klubbtur til Nordic Light fotofestival i Kristiansund april 2018? 2. november 2017
    Under noen intense festivaldager samles internasjonale fotolegender og andre med foto- og kulturinteresse i Kristiansund for inspirasjon. Vil dere bli med?  

RSS NFFF (nordic.photo)

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi  (RSF)

Andre norske film- og fotomagasin

Nedenfor vil du finne nyheter fra andre norske nettsteder som tar for seg film og foto. Har du tips om flere tar vi gjerne i mot dette på e-post magasinet@nsff.no.

RSS Fotografi.no

  • Mellomformat-test: Fujifilm GFX 50S vs. Hasselblad X1D 12. januar 2018
    Da Sony begynte å levere sin 50 megapiksel  44 × 33mm-CMOS på det åpne markedet, gjorde det mellomformat tilgjengelig for flere. Vi tester to...
  • Tina Signesdottir Hult mottar Hasselblad Masters Award 10. januar 2018
    Hasselblad Masters Award har blitt tildelt noen av de største fotografene i historien. I år gikk prisen i portrettkategorien til norske Tina Signesdottir Hult....
  • Test: Sony A9 2. januar 2018
    På kort tid har Sony bygget opp et bredt utvalg speilløse fullformatkameraer og objektiver. Men de har manglet et profesjonelt spesialkamera til presse-, sport-...
  • Fotografi #1 2018 ute nå! 2. januar 2018
    Januar/februar-utgaven av Fotografi ute nå! I årets første nummer kan du blant annet møte Dag Alveng som er aktuell med en omfattende retrospektiv utstilling...