Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Ein glad gjeng på 15 deltakarar drog 22. april på ei vekes tur til Kroatia for å feira Tønsberg Kamera Klubb sitt 70-årsjubileum.

Det var ein lett blanding av medlemar, ektefeller og vener. Som i fjor gjekk turen til Vodice i Kroatia. Det er alltid ein risiko å gjenta ein suksess, men med einskilde endringar i programmet etter erfaringane frå forrige tur blei denne turen minst like bra.

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Hotell Punta i Vodice var base for oppholdet

Turoperatøren Sun Cooperation stilte med ein fantastisk dyktig og serviceinnstilt lokal tilretteleggjar og sjåfør. Dagsturane var for det meste planlagt på førehand, med små endringar undervegs.

Etter felles transport til dagens utfluktsmål valgte me bevisst å dra rundt på eiga hand utan guide, då erfaring viser at ivrige fotografar har svært vanskeleg med å følgja ein guiding og få med seg det som blir sagt. Det er jo altfor mykje å fotografere og å sjå! Så ved framkomst blei hentetidspunkt avtalt og alle blei slept laus med tips om gode fotomotiv. Det er jo helst dei gamle bydelane som er mest spanande å få med seg. Her er det kompakt og lett å finna tilbake om ein går seg bort.

Dette fungerte svært bra – ein kunne trygt rusle rundt åleine, bruke lang tid på å venta på rette dama i raud kåpe i ein portal, nonnelos eller slentre avgarde og småprate med andre i gruppa og knipse det som måtte dukke opp.

Me oppretta ei gruppe på Facebook Messenger for alle på turen. På den måten var det lett å formidla beskjedar, som å sei kor ein sette seg ned for ein kaffi, eller middagavtalar. Tirsdag 25. april var klubben store bursdag, heile 70 år. Tilbake på hotellet etter å ha fått med oss solnedgang og Greetings to the Sun i Zadar vanka det musserande og ei flott kake som hotellet stilt opp med.

Byar me rakk å besøkje var: Split, Primosten, Zadar og Sibenik. Alle saman flotte, med sjarmerande gamle bydelar og kyrkjer. Torg med gamle koner, leikande ungar og ei og anna nonne. Eit nytt utrykk dukka opppå turen: å få «nonnelos»! Nonner er sky og må gjerne følgjast diskret for at det skal bli bra bilder, derav utrykket. Zadar med solnedgang og installasjonen Greeting to the sun var minst lika flott i år som i fjor. Dei fleste hadde med seg stativ og god tid var satt av til fotografering her. Ekstra underhaldning med turistar som hoppa til heile buksa revna eller gjorde alle slags rare krumspring i lyset fekk me med på kjøpet.

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Greeting the sun, Zadar

Høgdepunktet på turen kom nok på siste dagen. Me hadde ytra ønskjer om ein tur ut på bygda for å oppleva dagleglivet der. Vår sjåfør hadde tatt seg ein runde og funne det han meinte var rette staden for oss. Og det var ingen bomtur! Turen gjekk til Lisnjak, ein landsby som blei øydelagt under krigen tidleg på 90-talet og alle 260 innbyggjarane måtte flytta. Me blei satt av på ein smal veg med falleferdige småhus på begge sider, med beskjed om å ta hensyn til det som såg bebudd ut og å oppføra oss med respekt. Me hadde ikkje rusla lenge rundt før ei lita jente og ein hund kom hoppande mot oss. Det viste seg å vera ei jente frå Sibenik som var på besøk hos besteforeldra. Dei hadde flytta tilbake til landsbyen for 10 år sidan og bygd opp det øydelagte huset sitt. Litt etter dukka bestemora også opp, og mannen. Dei inviterte lika godt alle saman opp på terrassen for å smaka hans heimelaga vin. Kona fann fram alt ho hadde av glas og 3 sortar vin blei satt fram. Sjåføren var tolk og me fekk historien til familien og omvisning i huset for dei som ville. Som sjåføren sa: dette er den ekte kroatiske gjestfriheten, vekk frå masseturisme og pengemas. Ei ære å få oppleva dette! Mange bilder blei tatt, e-postadresser utveksla og i ettertid er bilder blitt sendt til familien.

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Gjestmilde verter i Ljisnak

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Ljisnak landsby

Med ei heil veke til rådighet blir det også tid til egne prosjekt. Nokre av oss hadde med diverse «stæsj» som hattar, ballongar, kjolar og glaskuler. Mandags formiddag og heile onsdagen var satt av til egne aktivitetar, og det fekk me utnytta. Då var det å bruka kvarandre som modellar, og det kan vera lærerikt for ein fotograf å befinna seg framfor kamera også! Vodice har ein flott strandpromenade og her slår bølgene kraftig inn ved sønnavind noko som gjer ein ekstra utfordring med modell og kamerautstyr. May Britt ofra tørre klær og stilte sporty opp på ein benk i verste sjøsprøyten!

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Fotografane stilte sjølv som modellar

Like ved hotellet stod eit forlatt halvferdig murhus. Tre av oss drista oss inn der, lasta med diverse remedier inkludert kamera og stativ. Du verden så fort 2 timar går med tre kreative damer i fri flyt!

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Kreative damer (Foto: May Britt Sørensen)

Kysten her er kjent for sønnavindskuling, og den fekk me verkeleg kjenna på. Det blei sagt at denne vinden er så plagsom for folk at i tidligare tider blei straffa for kriminelle handlingar redusert om dei var begått ved sterk sønnavind!

Trass travle dagar og krevande ver var det nokre som hadde krefter att til nattfoto:

Tønsberg Kamera Klubb jubileumstur 2017

Foto: Stein J. Vadet

Og om du ikkje visste det, peanøtter heiter kikiriki på Kroatisk. Og den lokale vinen er verdt å smaka om du likar kraftig vin. Her vokser asparges vilt og blei varmt anbefalt, utan at me var så heldige å få prøvd.

Underteikna var så heldig å ha bursdag på turen og blei møtt med flott bursdagsallsang til frukost og kake til dessert på kvelden.
Ein stor takk til klubbens leiar Knut Fonn som har stått for det meste av tilretteleggjinga og holdt styr på oss undervegs! Og takk til alle i reisefølgje for ei særs triveleg veke!

Om skribenten

Kari Elisabeth Espeland

Medlem av Tønsberg Kamera Klubb.

Legg igjen kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Regionale film- og fototreff

Drammen, Harstad, Arendal, Vinstra – les om de regionale treffene på nsff.no! Sees vi?

Oppslagstavla

For tips og nyheter i kortform

Fotografiets dag nærmer seg, og er i år utvidet til hele to dager – lørdag 19. og søndag 20. august! Programmet presenteres fortløpende på egen facebookevent og på Preus Museums nettside. NSFF vil være tilstede med utstilling og bemannet stand. Sees vi?

Det er åpnet for innlevering til høstrunden av årets NM i Foto. Klassene er Kreativt, Fritt tema, Natur og Gatefoto.

Filmutvalget har publisert resultatene fra årets NM i Film! Vi gratulerer den ferske norgesmesteren, Andreas Raknes fra Bergen fritidsfilmere!

RSS Siste fra NSFF.no

RSS NFFF (nordic.photo)

  • Æresbevisning for omfattende Nordisk arbeid 14. juni 2017
    HonENFFF er et hederstegn som NFFF tildeler personer i medlemslandene for omfattende og langvarig administrativt arbeide for amatørfotografiet i de nordisk landene. De to første som mottar dette hederstegnet er : Göran Zebühr RSF (Sverige) Nils-Erik Jerlemar RSF (Sverige) Foto : Rune Larsson Vi ser Monica Wennblom (NFFF), som deler ut hedertegnene til Göran og...

Nordiske fotoorganisasjoner

Nordic Society of Photography (NFFF) Norsk fotohistorisk forening Fellesorganisasjonen Foto-Norge Selskabet for Dansk Fotografi (SDF) Suomen Kameraseurojen Litto Ry (SKsl) Riksförbundet Svensk Fotografi  (RSF)

Andre norske film- og fotomagasin

Nedenfor vil du finne nyheter fra andre norske nettsteder som tar for seg film og foto. Har du tips om flere tar vi gjerne i mot dette på e-post magasinet@nsff.no.

RSS Fotografi.no

  • Her er EISA-prisene 2017-2018 14. august 2017
    EISA-juryen har kåret årets beste fotoprodukter, og kåret vinnerne av årets EISA Maestro fotokonkurranse. Samtidig har juryen kåret årets beste produkter innen en rekke...
  • EISA AWARDS 2017-2018 – DEN KOMPLETTE LISTEN 14. august 2017
    I tillegg til å kåre årets beste fotoprodukter, kårer EISA-juryen hvert år de beste produktene i fem andre klasser. Her er den komplette listen...
  • EISA SPEILREFLEKSOBJEKTIV 2017-2018 14. august 2017
    SIGMA 135mm F1.8 DG HSM | Art SIGMA 135mm F1.8 DG HSM | Art er et ekstremt bra objektiv. Skarpheten er bedre ved største...
  • EISA PROFESJONELLE SPEILREFLEKSKAMERA 2017-2018 14. august 2017
    Canon EOS 5D Mark IV Canon EOS 5D Mark IV er verktøyet til mange profesjonelle fotografer verden over. Sammenlignet med forgjengeren har Canon forbedret...