I haustrunden vart det levert inn 4491 bilder fordelt over 8 klassar, inkludert ungdomsklassen. Resultata er klare og tilgjengeleg her på NSFF.no. Alle premierte bilder har juryen sine kommentarar. Det er også gitt overordna kommentar til kvar enkelt klasse.

Klikk her for eit samandrag av alle klassar, samt resultat av klubbarbeida for haustrunden.
Resultata er også tilgjengelege ved å klikke på «Resultatservice» på nsff.no si framside.

I år vart papirklassane juryert i Narvik av ei variert jury med erfaring frå fotografi, bildekunst og galleridrift. Alle projeksjonsklassane vart juryert i Hellas av Hellenic Photographic Society, som har lang erfaring innan fotokonkurransar og samarbeid over landegrensene. Klubben var i starten av året vertskap for utstilling av 50 årbokbilder.

Individuelle rundevinnarar og spesialprisar

I haustrunden har enkelte personar og klubbar utmerka seg:

  • Beste Ungdomsfotograf er Cato Romeo frå Trondhjems Kameraklubb.
  • Beste samanlagtfotograf for alle klassar er Lars Martin Teigen frå Kvinnherad fotoklubb.
  • Beste klubb, klubb-NM haustrunden, er Bekkalokket Fotoklubb.

Det kan nemnast at Bekkalokket Fotoklubb hadde flest poeng, ikkje berre på dei 20 utvalde klubbarbeida, men også samanlagt for alle premierte og antatte bilder i haustrunden.

Det er i tillegg to spesialprisar som blir delt ut kvar runde. Vinnarane er:
Leif Preus Fotopris for beste portrett går til Line Skår frå Skodje Fotoklubb for bildet «You….Stole my soul», som også vant gull i klassen monokrompapir.
Jens Baahus Jenssen plakett for det mest kreative bilde går til Morten Klungland frå Bryne Fotoklubb for bildet «Miracle». Bildet vant også gull i Kreativ-klassen der det fekk topp-score av alle tre jurymedlemmane.

Konkurranseutvalget takkar for tolmodigheita og gratulera alle med premierte og antatte bilder i haustrunden av NM.