Arnold Hoddevik

Arnold Hoddevik Min spesialitet er Lightroom.

Kursa eg har holdt til no, er 12 timars om Lightroom, og prisen for medlemmer i NSFF vil no bli 1700 kroner per deltakar og 2200 for andre. I tillegg må eg få dekket reise og overnatting.

Dei som går kurs, kan få kjøpe boka mi om Lightroom for ein rabattert pris på kroner 350. Den som har boka frå før eller brukar anna litteratur, slepp jo det. Kursa har gått som både kveldskurs og helgekurs. Dersom eg skal reise ein bit, er helgekurs mest aktuelt.

Det er opning for andre opplegg enn 12-timars. Det kan avtalast i kvart enkelt tilfelle. Arrangøren kan søkje Studieforbundet om støtte, og får då 85 kroner per time med instruktør.

Utenom dette har eg også holdt foredrag om fleire ulike tema, slik som

  • Objektiv og brennvidder – refleksjonar om korleis dei påvirkar bilda
  • Portrett – historikk – før og no
  • Portrett – diverse hensyn å tenkje over
  • Portrett – 40 gode idear
  • Betre bilde – ei generell innføring med bruk av utstyr, komposisjon og lys, m.m.

Desse er ikkje lange nok til å danne eit kurs, men kan eigne seg i klubbmøte eller kortare workshop

Beste helsing
Arnold Hoddevik
Fylling, 6260 Skodje
70 27 56 21 / 911 79 866
www.arnoldfoto.no